Utstilling på Galleri Instituttet
Søndag 4. august opnar Kristi Ylvisaker, Lise Elvagjeng og Nils Svedal utstilling ved Galleri Instituttet i Svedal, Sogndalsdalen.
Galleri Instituttet vart grunnlagt av kunstnaren Kristi Ylvisaker i 2002. Den norsk-amerikanske kunstnaren, som vaks opp og tok utdanninga si i USA, flytta i 1972 til Sogndal der ho hadde sine
anar. Der fann ho kjærleiken og slo seg ned. Ylvisaker har eit breidt utval utstillingar og offentlege utsmykkingar i Noreg og USA bak seg. Ho målte heilt fram til ho gjekk bort våren 2010. Under
utstillinga vert det m.a. vist fram collage’ar, som vart til i eit samarbeid med systera, forfattaren Mary Ylvisaker Nilsen. Collage’ane, som er skapte med utgangspunkt i dikt av den amerikanske
poeten Denise Levertov, var del av den siste store utstillinga Ylvisaker hadde i USA. Alle kunstverka som vert stilte ut er i privat eige.
Lise Elvagjeng er ein ivrig hobbyfotograf som er ein meistar i å finna flotte motiv. Ho stiller ut nokre av sine blinkskot frå nærområdet. Elvagjeng sine fotografi er til sals.
Nils Svedal, ektemannen til Ylvisaker, er ein tusenkunstnar av dei sjeldne. Det vert vist fram litt av det han har laga i løpet
av sine 86 år. Svedal sine utstilte ting er i privat eige.
Det vert musikkinnslag ved Kari Malmanger under opninga.
Utstillinga står til laurdag 31. august.